People at Work til Julebyen Egersund
Ei busslast med ukrainske flyktningar frå Flekkefjord besøkte julebyen Egersund

JULEGRAUT: Runden i Julebyen blei avslutta med julegraut på sjokoladefabrikken. Natali Brestovskaya (t.v.) og Anna Danylonok sit nærmast. Inst sit ekteparet Rolf Terje og Trine Klungland. 

Saman med frivilligsentralen i Flekkefjord har Flekkefjord Rotary Klubb eit prosjekt gåande for å hjelpa ukrainske flyktningar med å læra norsk og koma seg ut i arbeid.

Arbeid og turar

«People at work» har samlingar kvar veke. Opplegget varierer frå gong til gong. Nokon gonger er det praktisk arbeid og småjobbar som står på programmet. Andre gonger kjem lokale bedrifter for å presentera seg sjølv og moglegheitene dei kan tilby. Ukrainarane får òg hjelp med å skriva CV og søkja jobb.

Av og til blir det arrangert turar, og denne veka blei turen lagt til Julebyen i Egersund. Det var stor interesse for å vera med.

Etter ein runde rundt i buene, inkludert den ukrainske, blei besøket avslutta med julegraut på sjokoladefabrikken.

Julebyen fengde

Ivar Espenes i Flekkefjord Rotary Klubb seier at det har vore færre ukrainarar på samlingane i haust enn då «People at work» blei starta opp for eit par år sidan. Han er usikker på om det har å gjera med at mange ukrainarar nå har fått jobb og er integrerte i samfunnet, eller om det kjem av at samlingane blir vurderte som lite interessante. Han fortel at det er sendt ut spørjeskjema til deltakarane – for å høyra kva dei sjølv tenkjer om opplegget.

Uansett fengde det med ein tur til Julebyen, slår Espenes fast.

– Eg håper me kan halda fram med same glød. Det har vore spennande, dette prosjektet, spesielt for oss rotaryanarar, seier han.

Les i avisen Agder: https://www.avisenagder.no/full-buss-til-julebyen-eg-haper-me-kan-halda-fram-med-same-glod/s/5-101-733824 



 
Fantastisk integreringstur til Knaben 16. mars

16. mars 2024

Fantastisk integreringstur til Knaben 16. mars

Fantastisk integreringstur med People at Flekkefjord People At Work
til Knaben 16. mars 2024. Vi gikk på ski og Vi besøkte Knaben Gruver
- et lite stykke i verdenshistore!

Ukrainas kamp for frihet er også vår kamp for fred og demokrati i Norge

23. februar 2024

Ukrainas kamp for frihet er også vår kamp for fred og demokrati i Norge

På toårsdagen for Russlands angrep på Ukraina 24. februar 2022 fikk Rotary-klubber i Norge en anmodning fra venner i Lviv International Rotary Club om de kunne hjelpe. Vi svarte øyeblikkelig forteller Flekkefjord Rotary President Solveig Edvadsen

RLI 2023

28. november 2023

RLI 2023

RLI (Rotary Leadership Institute) gjennomført 2023. Fra Flekkefjord Rotary hadde vi Håvard gaska

Flekkefjord Rotary Klubb`s Rwanda prosjekt

26. september 2023

Flekkefjord Rotary Klubb`s Rwanda prosjekt

Flekkefjord Rotary Klubb har siden 1999 støttet hjelpeprosjekt rettet mot barn, slik som Mor Teresa barnehjem, mikrofinansiering i Assist Rwanda og Sykehus i Gikonko.